torsdag, juni 02, 2011

Permisjon

I går hadde eg siste arbeidsdag før permisjonen min starta. Vi avslutta med ein skikkeleg kosedag på fjellet. Med nydeleg vêr, bål og leik. Å leike restaurant er alltid ein av dei store slagarane. I går var eg bekymra for ein av elevane som stod oppe i eit tre å såg på leiken. Tanken som slo meg var at han ikkje fekk vere med, så eg går bort å spør om han har lyst å vere med. "Ser du ikkje at eg er med??" var svaret. Eg såg nok litt undrande ut, for då svarar han høgt og tydeleg "Ser du ikkje at eg er ei ketchup og sennep-maskin!?!?" hihi. 
Eg har verdas beste klasse, og ser allereie fram til å kome attende til dei. Nesten litt misunneleg på ho som skal vere vikar for meg til eg er tilbake :) Men først skal vi få en liten venn i hus, tenk at det allereie er tre veker til termin.
Når vi kom ned til skulen etter turen overraska dei meg med gåver og mange gode klemmar. Helseteppe, sengesett, sokker og maange kort. Veldig kjekt å bli satt pris på.

Ganske så fornøyd med arbeidstittelen min, "verdens beste lærar" :P


                                                                  

1 kommentar:

Margrethe sa...

Barn er herlige! Jeg prøver indoktrinere Julie til at min tittel ikke skal være noe mindre enn "verdens beste tante". Enn så lenge prater hun ikke så mye, men at hun står og tripper av glede og klapper i hendene når jeg kommer holder lenge.

Er nesten misunnelig på deg som skal ha eget nurk, men bare nesten ;) Lykke til med alt som venter!