Dei siste dagane av ferien vart det plukka litt rips. Når eg var lita brukte mormor å lage ripsgele, så det var kjekt å lage det igjen i år.
I ferien gjekk eg og svigerinna på blåbærtur ein kveld, mykje flotte bær vart teke med heim att. Svigerfar har skaffa en snerten sak til å rense bæra, og jammen fungerte den! Heilt til balja velta, og bæra trilla utover gulvet!
Jammen måtte vi plukka bæra for andre gong, med steikespade! :)
Dei to siste bileta er stjole frå bloggen til Ingvill. Takk for ein flott tur, Ingvill!
1 kommentar:
Var så koselig når vi gikk til Eikerskar:) Koselige bilder:D
Legg inn en kommentar